Monday, March 27, 2006

Fleire fine dagar

Forrige mandag fekk eg endelig tid til ein (halv) runde golf. 3 par på 9 hol. Ikkje
verst for ein heiltidspappa...
Amalie har fått ein veldig fint søvnrytme no. Me legg ho i 8-9 tida, og vanligvis er det nok å berre synge litt for henne for å få henne til å sove. Ho har ein liten elefant som er god å halde i. Når me legg ho ned, ruller ho seg over på sida og koser med den.
På tirsdag kom Steve og Julianne tilbake frå bryllupsreise til Thailand. Me hadde familiemiddag oppe hos svigermor; eit ukentlig ritual mens me er her.
Onsdag kom og gjekk. På torsdag traff me Erika, Peter og dattera Ally frå Sverige.
Dei er her i eit halvt år. Eg traff Erika i 'Playgroup' som Amalie og eg går til på fredagar. Det er ein fin anleding for amalie å treffe andre ungar her nede.
Gruppa startar kl 10, men Amalie forsov seg den dagen, og vakna ikkje før etter 10...

Fredag var bursdagen min, og vi gjekk ut på Thai restaurant saman med venner om kvelden. Enda opp på 'Lotus Lounge' etterpå. Skal oppdatera seniare om det.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home