Thursday, April 20, 2006

Frukost




Frukost

....er eit av høgdepunkta av dagen vår samen. Idag vakna eg av leing og snakking fra barnerommet sånn i ti-tida. Amalie er nesten alltid i godt humør på
morningen. Ho ser så begeistra ut når eg tar ho opp frå senga. Masse pludring når eg skifter bleia hennes. Når vi kjem inn i stova seier ho 'nam-nam' - veit at det er tid for frukost. Ser på meg med stor forventing når eg finn melk, graut og begynner å blande det samen. 'Nam-nam-nam-nam..........' heile tida.
Me bruker gjerne 1/2-1 time på å ete frukost saman. Etter at ho er ferdig med skåla si begynner ho å sjå på leveposteskivene mine - 'nam-nam-nam'.
Ho sug på skiva si idag. Har berre 4 tenner enno. Når eg hermer etter henne kjem det eit kjempesmil, og så ler ho godt.

Dei er veldig fine desse timelange frukostane...


Amalie og Pappa

Tuesday, April 11, 2006

'Arkivfoto'







Hei igjen,

Fant enno fleire bilder som fortjente å komme på nettet. Viser litt meir av
den daglige aktiviteten her.

Amalie og Pappa

Bilder av Amalie






Hei,

Har samla litt bilder av Amlie her. Har gått 2 veker sidan siste update, og tida flyr! bryllup i helga, mange kafebesøk i løpet av veka, bursdagsfeiring for to veker sidan, og mest lesing for Melanie i løpet av vekene. Ho begynte med klinikk idag, og no blir det 2-3 heile dagar med Amalie og pappa kvar veke. Har gått kjempebra til no.
Eg har no kun 3 månader og eit par veker før eg offisielt skal begynne å arbeide igjen. Midtveis i permisjonen no... Trur ikkje arbeid blir det same etter tida med Amalie.
Påsken nærmer seg her; ikkje same å vera her i Australia i løpet av påsken. Her er det berre helligdagar på fredagen og mandagen, men me skal på vinsmaketur med eit svensk par på torsdag. Melanie skal berre jobbe i måro (onsdag), og så er det fri for henne og.

P.S. I dag har Rolling Stones sin først konsert i Australia; dei speller i Sydney ikveld, og i Melbourne på torsdag. Sjekka for sikkerhets skyld flybillettar tidligere idag... you wish!