Thursday, April 20, 2006

Frukost




Frukost

....er eit av høgdepunkta av dagen vår samen. Idag vakna eg av leing og snakking fra barnerommet sånn i ti-tida. Amalie er nesten alltid i godt humør på
morningen. Ho ser så begeistra ut når eg tar ho opp frå senga. Masse pludring når eg skifter bleia hennes. Når vi kjem inn i stova seier ho 'nam-nam' - veit at det er tid for frukost. Ser på meg med stor forventing når eg finn melk, graut og begynner å blande det samen. 'Nam-nam-nam-nam..........' heile tida.
Me bruker gjerne 1/2-1 time på å ete frukost saman. Etter at ho er ferdig med skåla si begynner ho å sjå på leveposteskivene mine - 'nam-nam-nam'.
Ho sug på skiva si idag. Har berre 4 tenner enno. Når eg hermer etter henne kjem det eit kjempesmil, og så ler ho godt.

Dei er veldig fine desse timelange frukostane...


Amalie og Pappa

0 Comments:

Post a Comment

<< Home