Friday, September 29, 2006

Tur til Melbourne og The Sunshine Coast


Hei,

Reiste først til Melbourne for å treffe Belinda og
Fiona nåken dagar. Belinda er fadder for Amalie, og var
veldig begeistra for å få vera med
henne igjen. Fiona kom ned frå Darwin (uten
Barramundi-fisher-Trav, som
akkurat har blitt tilbydd jobb i Singapore!), og samen budde me i
ei leilighet på St. Kilda.
Amalie er forresten blitt veldig begeistra for å fly;
veldig oppglødd når vi kjem på flyplassar og vidare skal boarde.
Og null problem når vi er i lufta; ho er fornøyd berre ho
får studert andre passasjerar.
I Melbourne fekk jentene handle fritt (med bidrag frå Amalie
sitt barnetrygdfond...), mens Amalie og eg 'hung out' på trendy
barar med 'the Gay boys'. Som den gode mannen eg er fekk dei og ta
seg ein skikkelig bytur på fredagen.
Eg måtte ta eit tidlig skift lørdags morgon...

Viste seg seinare at det ikkje berre var drinkane
som gjorde Melanie dårlig; me har alle hatt diare og
symptomer på matforgiftning etterpå. Sjøl blei eg sengeliggande
24 timar mens me var på The Sunshione Coast.

Helga var fin, men veret var skikkelig dårlig.
Melbourne er Australia sitt Bergen. Eg tok knapt av fleece
genseren mens me var der.

...derfor veldig kjekt å reise til the Sunshine Coast på
mandag. Budde rett ved ei av surfestrendene der (Mooloolabah).
Var der samen med mor og stefar til Melanie. Kjekt å ha litt
hjelp med Amalie; spesielt sidan eg var heilt utslått heile dagen.
Sidan dei ikkje snakker norsk kan eg her ærlig fortelje
at stefar til Melanie er ein elendig sjåfør, så eg sat med
hjertet i halsen fleire ganger mens me kjørte rundt i leigebil...

Var til Noosa eine dagen, og litt innover i landet (the Hinterlands)
neste. Fine dagar med sol og varme. Flott overnatting for ein
ganske rimelig penge.

Tilbake til Adelaide igår, igjen ein fin flytur med Amalie.
Trur ho sjarmerte heile besetningen. Ho kjem sikkert til å
bli pilot! - eller kirurg eller statsminister eller generalsekretær
i FN eller nåke liknande...

Og på kvelden igår var melanie og eg på Ben Folds konsert.
Han bur og her i Adelaide - og er gift med ei jente herfrå.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home