Monday, October 23, 2006

De e'kje greit å være mainn....

Eg må sei at det er litt skuffande
å sjå at eg no som mann nesten blir
diskriminert i visse samanhengar.

Ordningar som skal gjere det lettare for
folk å komma tilbake i arbeidslivet etter
fødselspermisjon går ikkje begge veier.
Sjølv om eg har tatt nesten eitt år med kombinert
betalt og ubetalt permisjon med Amalie slik at Melanie
skal kunne ta helsesøsterstudium, blir ikkje dette
verdsatt i når vi søker på barnehage eller i jobbsamanheng.

Ringte til ein av (UiB) barnehagane der Amalie står på venteliste igår,
og prøvde å få litt info om kva me kan gjere. (Sidan studieåret
her i Australia går frå Januar til Desember, treng me først
barnehageplass i januar.) Dama spurte meg om kva fakultet eg var
tilknytt - og sa då at eg var ikkje prioritert sidan eg var mann.
30 barn står på ventelista med høgare prioritet enn Amalie fordi
eg er mann....

Eg har ALLTID sagt at eg ville ta ut like mykje permisjon
som Melanie når vi fekk barn, og eg har argumentert for at
permisjon bør delast slik at kvinner står sterkare i arbeidslivet.
Men er det rettferdig at barnehageplassar skal fordelast etter kjønn?
Dei fleste barn har jo både mamma og pappa....

Er det andre menn som har lignande erfaringar?

0 Comments:

Post a Comment

<< Home