Saturday, October 21, 2006

Hug-blog



Hei,

Amalie har blitt skikkelig kosete no.
Ho klemmer meg alltid om morgonen når eg tek
ho ut av senga. Og kjem stadig bort til meg
utover dagen for å klemme meg. Trur det må vera
heiltids-pappa-påverking!
På bildet ser de eit typisk scenario - ho liker
ikkje at pappa sit med laptop'en for å jobbe.

Dei siste dagane har ho sove lenge om morgonen
(dvs 9-9.30), men tidligare i veka har ho våkna
fleire ganger på natta, stakkars. Har hatt tannsmerter,
og ho har fått ei gigantisk tann nede. Ikkje
rart at det gjer vondt...

Var litt rart å bli vekt på natta igjen. Utrulig kor
fort vi gløymer korleis det er med slik 'tortur'.
På natta vil ho helst ha mamma, og ho skubba meg
stadig vekk då eg prøvde å trøste henne.
Greit å ha den unnskyldinga for meg, men det var
fint då ho var tilbake til rutinene sine igjen på
torsdag-fredag.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home